1 Halleluja!Alef אEg vil takka Herren av heile mitt hjarte Bet בi dei rettvises råd og forsamling. Gimel ג
2 Herrens gjerningar er store, Dalet דalle som elskar dei, grundar på dei. He ה
3 Høgt og herleg er hans verk, Waw וhans rettferd varer til evig tid. Zajin ז
4 Han har skapt seg eit namn ved sine under, Het ח Herren er nådig og mild. Tet ט
5 Han gjev mat til dei som fryktar han, Jod יhan minnest si pakt til evig tid. Kaf כ
6 Han viste sitt folk kor mektig han var Lamed לdå han gav dei det andre folk eigde. Mem מ
7 Sanning og rett er hans henders verk, Nun נpålitelege er alle hans bod, Samek ס
8 dei er grunnfeste for evige tider, Ajin עdei skal haldast i sanning og rettvise. Pe פ
9 Han gav folket fridom Tsade צog fastsette si pakt for evig. Qof קNamnet hans er heilagt, det vekkjer frykt. Resj ר
10 Å frykta Herren er opphav til visdom, Sinalle som gjer det, har god forstand. Taw תHans lovsong varer til evig tid.