1 Av David. Ein salme. Herren seier til min herre:«Set deg ved mi høgre handtil eg får lagt dine fiendarsom skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer.Du skal herska mellom dine fiendar!
3 Folket ditt møter villig framden dagen du viser di kraft.Din ungdoms dogg kjem til degi heilag prakt, or morgonròdens fang.
4 Herren har svore og angrar det ikkje:«Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre hand,han knuser kongar på sin vreidedag.
6 Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik,han knuser hovud vidt over jord.
7 Han drikk av bekken ved vegen,difor lyfter han hovudet høgt.