1 Til korleiaren. Ein salme av David.
2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,lat meg aldri bli til skamme!Fri meg ut i di rettferd!
3 Vend øyret til meg,skund deg og redd meg!Ver meg eit vern og eit berg,ei borg til frelse!
4 Du er mitt fjell og mi borg;for ditt namn skuld fører og leier du meg.
5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!For du er mi tilflukt.
6 I dine hender gjev eg mi ånd,du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
7 Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.Sjølv set eg mi lit til Herren.
8 Eg vil jubla av glede over di miskunnfordi du har sett mi naud,du kjenner mi trengsle.
9 Du gav meg ikkje over i handa til fienden,men førte meg ut i ope land.
10 Ver meg nådig, Herre,for eg er i naud.Auget sløvest av bitter sorg,pust og kropp svinn bort.
11 Livet mitt endar i sorg,åra mine i klage.Min styrke sviktarpå grunn av mi skuld,beina i kroppen svinn.
12 Eg blir til spott for fienden,til hån for grannane,ei redsle for dei som kjenner meg,dei som ser meg på gata, vik unna.
13 Som ein død er eg gløymd av menneske,lik eit kar som er kasta bort.
14 For eg høyrer mange som kviskrar– å, redsle på alle kantar! –når dei samlar seg mot megog legg planar om å ta mitt liv.
15 Men eg set mi lit til deg, Herre,eg seier: «Du er min Gud.»
16 Mine tider er i di hand,fri meg frå fiendar som jagar meg!
17 Lat ditt andlet lysa over din tenar,frels meg i di miskunn!
18 Herre, lat meg ikkje bli til skamme,for eg ropar til deg.Lat dei urettferdige stå med skamog gå stille til dødsriket!
19 Lat lygande lepper tagna,dei som talar frekt mot den rettferdigemed hovmod og forakt.
20 Kor stor di miskunn er,som du har spart til dei som fryktar deg!Rett framfor menneske har du vist di miskunnmot dei som søkjer tilflukt hos deg.
21 Hos deg finn dei vernmot overgrep frå menneske.Du gøymer dei i di hyttefor tunger som kjem med klagemål.
22 Velsigna er Herren som gjer under!Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
23 Eg sa i min angst:«Eg er støytt bort frå dine auge.»Men du høyrde mi bøndå eg ropa til deg.
24 Elsk Herren, alle hans trugne! Herren vernar dei trufaste,men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
25 Ver modige og sterke,alle de som ventar på Herren!