1 Ein song til festreisene. Av Salomo.Dersom Herren ikkje byggjer huset,arbeider bygningsmennene fåfengt.Dersom Herren ikkje vaktar byen,vaker vaktmannen fåfengt.
2 Fåfengt står de tidleg opp og set dykk seint nedog et brødet de har slite for.Det same gjev han venene sine medan dei søv.
3 Born er ei gåve frå Herren,livsfrukt er ei løn.
4 Som piler i stridsmannens hander søner ein får i sin ungdom.
5 Sæl er den mannsom fyller pilehuset sitt med dei.Han blir ikkje til skammenår han talar mot fiendar i porten.