1 Ein song til festreisene. Av David.Eg vart glad då dei sa til meg:«Vi vil gå til Herrens hus.»
2 Føtene våre ståri portane dine, Jerusalem.
3 Jerusalem, du er bygdsom ein heil og samla by!
4 Dit dreg stammane opp, Herrens stammar!Det er ei lov for Israelå prisa Herrens namn.
5 Ja, der står troner for dommarar,kongsstolar for Davids hus.
6 Bed om fred for Jerusalem!Må dei som elskar deg, leva trygt!
7 Må fred råda innanfor dine vollar,tryggleik i dine borger!
8 For mine brør og vener skuldvil eg seia: «Fred over deg!»
9 For tempelet skuld, Herren vår Guds hus,vil eg ønskja deg det gode.