1 Ein song til festreisene.Eg lyfter auga mine til fjella.Kvar kjem mi hjelp ifrå?
2 Mi hjelp kjem frå Herren,som har skapt himmel og jord.
3 Han vil ikkje la foten din vakla,din vaktar vil ikkje blunda!
4 Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje,Israels vaktar.
5 Herren er din vaktar, Herren er din skuggeved di høgre hand.
6 Sola skal ikkje skada deg om dagen,heller ikkje månen om natta.
7 Herren skal vara deg frå alt vondt.Han skal verna om ditt liv.
8 Herren skal vara din utgang og din inngangfrå no og til evig tid.