Salmane 106 N11NN

1 Halleluja!Takk Herren, for han er god,evig varer hans miskunn.

2 Kven kan nemna alle Herrens storverk,fortelja om det herlege han har gjort?

3 Sæle er dei som tek vare på rettenog alltid fremjar rettferd.

4 Herre, kom meg i hug i din nåde mot folket ditt,kom til meg med di frelse.

5 Då kan eg sjå kor godt det går dine utvalde,få del i gleda til folket dittog prisa meg lukkeleg saman med dine.

6 Vi har synda slik fedrane våre gjorde,vi har bore oss ille åt og gjort urett.

7 Fedrane våre i Egypt tenkte ikkje på dine under,dei kom ikkje i hug di store miskunn.Ved sjøen var dei trassige, ved Sivsjøen.

8 Men han frelste dei for sitt namn skuldså dei skulle kjenna hans kraft.

9 Han truga Sivsjøen, og sjøen tørka inn,han førte dei gjennom djupet som gjennom ein ørken.

10 Han frelste dei frå hatarhand,frå fiendehand fria han dei.

11 Motstandarane vart dekte av vatnet,ingen kom frå det med livet.

12 Då stola dei på hans ordog song lovsong for han.

13 Snart gløymde dei det han hadde gjort,og venta ikkje meir på råd frå han.

14 Dei vart griske og grådige i ørkenen,i øydemarka sette dei Gud på prøve.

15 Då gav han dei det dei kravde,men sende sjukdom som tærte dei bort.

16 Dei vart misunnelege på Moses i leirenog på Aron, Herrens heilage.

17 Jorda opna seg og slukte Datan,ho lukka seg over Abirams følgje.

18 Då braut det ut eld blant dei,og logen brende opp dei skuldige.

19 Ved Horeb laga dei ein kalvog bøygde seg for det støypte biletet.

20 Dei bytte bort si æremot eit bilete av ein okse som et gras.

21 Dei gløymde Gud som frelste dei,som gjorde storverk i Egypt.

22 Han gjorde under i Hams landog skremmande gjerningar ved Sivsjøen.

23 Han sa at han ville rydda dei ut,men Moses, hans utvalde, la seg imellomog stagga hans øydeleggjande harme.

24 Dei vraka det herlege landetog stola ikkje på hans ord.

25 Dei murra i teltaog høyrde ikkje på Herrens røyst.

26 Då lyfte han handa mot deiog svor å slå dei ned der i ørkenen,

27 å spreia deira ætt mellom folkaog strø dei ut i landa.

28 Dei slutta seg til Baal-Peorog heldt offermåltid for døde.

29 Dei gjorde han rasande med sine gjerningar,og pest braut ut imellom dei.

30 Då stod Pinhas fram og felte dom,og pesten stansa.

31 Han vart rekna som rettferdigfrå slekt til slekt i alle tider.

32 Dei gjorde han harm ved Meriba-kjelda,og Moses måtte lida for deira skuld.

33 Dei gjorde han beiskså han tala utan å tenkja.

34 Dei rydda ikkje ut folkaslik Herren hadde sagt,

35 men blanda seg med andre folkeslagog lærte å gjera som dei.

36 Dei dyrka gudebilete,det vart ei snare for dei.

37 Dei ofra sine søner og døtrertil dei vonde åndene.

38 Dei auste ut uskuldig blod,blodet av søner og døtrersom dei ofra til gudebileta i Kanaan.Og landet vart vanhelga av blodet.

39 Dei vart ureine gjennom sine handlingar,med alt dei gjorde, dreiv dei hor.

40 Då flamma Herrens vreide opp mot folket,han hadde avsky for dei som høyrde han til.

41 Han gav dei i hendene på andre folkeslag,dei som hata dei, vart deira herrar.

42 Dei vart undertrykte av fiendarog måtte bøya seg under deira hand.

43 Mange gonger fria han dei ut,likevel trassa dei han med sine planarog gjekk under i synd.

44 Men han såg til dei i naudadå han høyrde dei ropa.

45 Han kom i hug si pakt med deiog viste medynk i sin store kjærleik.

46 Så lét han dei møta miskunnhos alle som heldt dei som fangar.

47 Frels oss, Herre, vår Gud,sank oss inn frå folkaså vi kan prisa ditt heilage namnog uredde lovsyngja deg.

48 Velsigna er Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og heile folket skal seia: Amen!Halleluja!