1 Ein song til festreisene.Dei som set si lit til Herren,er som Sion-fjellet;det skal aldri rokkast, men stå til evig tid.
2 Fjell omgjev Jerusalem, Herren omgjev sitt folkfrå no og til evig tid.
3 Urettferdig kongsstav skal ikkje kvilaover landet dei rettferdige arva,for då kunne den rettferdige lyfta handa til urett.
4 Herre, gjer godt mot dei gode,mot dei som har eit ærleg hjarte.
5 Men Herren sender frå segdei som går krokvegar,og dei som gjer urett.Fred over Israel!