1 Ein song til festreisene.Eg ropa til Herren i mi naud,og han svara meg.
2 Herre, berg meg frå lepper som lyg,frå tunger fulle av svik!
3 Kva skal han gje deg, du svikefulle tunge,kva meir skal han la deg få?
4 Stridsmannens kvasse pilerog brennande kol frå gyvelbusken!
5 Ve meg! Eg er innflyttar i Mesjek,eg bur mellom Kedars telt!
6 Altfor lenge har eg buddmellom folk som hatar fred.
7 Eg er fred,men om eg talar,går dei til krig.