1 Til korleiaren. Ein salme av David.Hos Herren søkjer eg tilflukt.Korleis kan de seia til meg:«Fly opp i fjellet som ein fugl!
2 For sjå, dei lovlause spenner bogenog legg si pil på strengen;i mørkret vil dei skyta på dei ærlege av hjartet.
3 Når grunnvollane blir rivne bort,kva kan den rettferdige gjera?»
4 Herren er i sitt heilage tempel, Herren har si trone i himmelen.Auga hans ser,han prøver menneska med sitt blikk.
5 Herren prøver rettferdige og urettferdige,han hatar dei som elskar vald.
6 Over dei urettferdige lèt han det regna gloande kol og svovel,gloheit vind får dei i sitt beger.
7 Rettferdig er Herren,han elskar rettferdige gjerningar.Dei ærlege får sjå hans andlet.