Salmane 45 N11NN

1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.

2 Mitt hjarte strøymer over av gode ord,eg diktar mine songar for kongen.Tunga er lik pennen til ein dyktig skrivar.

3 Du er den fagraste av menneske,vakker tale er lagd på dine lepper.Difor har Gud velsigna deg for alltid.

4 Spenn sverdet fast ved hofta, du krigar,i di høgd og din herlegdom!

5 Vinn siger i din herlegdom!Ri ut til strid for sanning, mildskap og rett!Di høgre hand lèt deg sjå skremmande gjerningar.

6 Pilene dine er kvasse, folkeslag stuper for deg.Kongens fiendar er råka i hjartet.

7 Din kongsstol, Gud, står til evig tid,din kongsstav er rettferds stav.

8 Du har elska rettferd og hata urett.Difor har Gud, din Gud,salva deg med gledes olje framfor dine vener.

9 Du er sveipt i angen frå myrra, aloe og kassia.Strengespel frå elfenbeinshallar gjev deg glede.

10 Kongsdøtrer er mellom dine utvalde,ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull.

11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyret til!Gløym ditt folk og di slekt,

12 for kongen attrår din venleik.Han er din herre, bøy deg ned for han!

13 Tyros' dotter og dei rike i folketskal søkja din gunst med gåver.

14 Fullkomen, herleg trer kongsdottera inn,kjolen hennar er gjennomvoven med gull.

15 I fargerik bunad blir ho leidd til kongen.Unge jenter er bak henne,veninnene hennar blir førte fram for deg.

16 Dei blir leidde inn med fryd og glede,dei går inn i kongens slott.

17 Sønene dine skal koma i staden for fedrane,set dei til hovdingar kringom i landet!

18 Frå slekt til slekt vil eg minnast ditt namn,difor skal folka lova deg til evig tid.