1 Ein salme av Asaf.Gud står fram i gudars forsamling,midt mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de dømma med urettog halda med dei skuldige? Sela
3 Hjelp svake og farlause til deira rett,frikjenn hjelpelause og fattigfolk,
4 berg fattige og svake,fri dei frå handa til dei lovlause!
5 Dei veit ingenting, skjønar ingenting,dei ferdast i mørker,alle grunnvollar under jorda vaklar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,søner av Den høgste er de alle.
7 Men de skal døy slik eit menneske døyr,og falla slik ein av fyrstane fell.»
8 Reis deg, Gud, hald dom over jorda,for alle folkeslag er din eigedom.