Salmane 119 N11NN

1 Sæle er dei som er heile i si ferd,dei som følgjer Herrens lov.

2 Sæle er dei som tek vare på hans lovbod,som søkjer han av heile sitt hjarte.

3 Dei gjer ikkje urett,men går på hans vegar.

4 Du har gjeve dine påbodfor at dei skal haldast nøye.

5 Lat meg ferdast med faste stegså eg held dine forskrifter!

6 Då blir eg ikkje til skammenår eg har alle dine bod for auge.

7 Eg prisar deg av eit ærleg hjartenår eg lærer dine rettferdige lover.

8 Eg vil halda dine forskrifter,du må ikkje svikta meg!Bet ב

9 Korleis held den unge stigen sin rein?Ved å akta på dine ord.

10 Eg søkjer deg av heile mitt hjarte,lat meg ikkje villast bort frå dine bod!

11 Eg gøymer ditt ord i hjartetså eg ikkje skal synda mot deg.

12 Velsigna er du, Herre!Lær meg dine forskrifter!

13 Leppene mine reknar oppalle lovene frå din munn.

14 Dine lovbod viser meg veg,dei gjev like stor glede som all rikdom.

15 Eg vil grunda på dine påbod,festa blikket på dine stigar.

16 Eg frydar meg over dine forskrifter,eg gløymer ikkje dine ord.Gimel ג

17 Gjer godt mot din tenar, eg vil levaog akta på dine ord.

18 Lat opp auga mine så eg kan sjådet underfulle i di lov!

19 Eg er ein framand på jorda,løyn ikkje boda dine for meg!

20 Eg fortærest dag og nattav lengt etter dine lover.

21 Du refsar dei frekke og bannstøytte,som villar seg bort frå dine bod.

22 Ta spott og forakt bort frå meg,for eg tek vare på dine lovbod.

23 Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg,grundar din tenar på dine forskrifter.

24 Ja, eg frydar meg over dine lovbod,det er dei som gjev meg råd.Dalet ד

25 Eg ligg pressa mot støvet.Gjev meg liv slik du har sagt!

26 Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg.Lær meg dine forskrifter!

27 Lat meg skjøna den vegen dine påbod viser!Eg vil grunda på dine under.

28 Mi sjel græt av sorg.Reis meg opp slik du har sagt!

29 Hald løgns veg borte frå meg,gjev meg i nåde di lov!

30 Eg har valt truskaps veg,dine lover har eg for auge.

31 Eg held fast på dine lovbod. Herre, lat meg ikkje bli til skamme!

32 Eg vil springa den vegen dine bod viser,for du gjer mitt hjarte stort.He ה

33 Herre, lær meg den vegen dine forskrifter viser,så vil eg alltid ta vare på han!

34 Gjev meg vit til å ta vare på di lovog halda henne av heile mitt hjarte!

35 Lei meg på den stigen boda dine viser,for han gjev meg glede.

36 Bøy mitt hjarte mot dine lovbodog ikkje mot eiga vinning!

37 Vend blikket mitt bort frå det som er tomt,gjev meg liv på din veg!

38 Lat ditt ord til din tenar stå fastså eg kan frykta deg.

39 Ta bort spotten eg fryktar,for dine lover er gode!

40 Sjå, eg lengtar etter dine påbod,gjev meg liv ved di rettferd!Waw ו

41 Herre, lat di miskunn koma til meg,og di frelse, slik du har sagt!

42 Då kan eg gje spottaren svar,for eg lit på ditt ord.

43 Riv ikkje sanningsordet ut or min munn,for eg ventar på dine lover.

44 Då vil eg stadig halda di lov,for evig og alltid.

45 Lat meg ferdast i ope land,for eg spør etter dine påbod!

46 Eg vil tala for kongar om dine lovbod,og eg skal ikkje bli til skamme.

47 Eg frydar meg over dine bod,dei som eg elskar.

48 Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar,og grundar på dine forskrifter.Zajin ז

49 Kom i hug ditt ord til din tenar.Gjennom det har du gjeve meg von.

50 Det er mi trøyst i naudaat ditt ord gjev meg liv.

51 Dei frekke håner meg grovt,men eg har ikkje bøygd av frå di lov.

52 Eg kjem i hug dine lover frå gammal tid, Herre, då finn eg trøyst.

53 Eg blir gripen av harme over dei lovlause,dei som går bort frå di lov.

54 Dine forskrifter er mine songarkvar eg enn held til.

55 Herre, eg kjem i hug namnet ditt om natta,og eg held di lov.

56 Slik er det med meg,for eg tek vare på dine påbod.Het ח

57 Herren er min arvedel,eg lovar å halda dine ord.

58 Av heile mitt hjarte bed eg om velvilje for ditt andlet.Ver meg nådig slik du har sagt!

59 Eg har tenkt over mine vegar,eg vil venda attende til dine lovbod.

60 Eg skundar meg, eg dryger ikkjemed å halda dine bod.

61 Dei lovlauses band slyngjer seg om meg,men eg gløymer ikkje di lov.

62 Midt på natta står eg opp og prisar degfor dine rettferdige lover.

63 Eg er ven med alle som fryktar deg,med dei som held dine påbod.

64 Herre, jorda er full av di miskunn.Lær meg dine forskrifter!Tet ט

65 Herre, du gjer vel mot din tenarslik som du har sagt.

66 Gjev meg kunnskap og godt vit,eg stolar på dine bod!

67 Før eg vart audmjuka, var eg på villspor,no held eg det du har sagt.

68 Du er god, og det du gjer, er godt.Lær meg dine forskrifter!

69 Dei frekke svertar meg med løgn,eg tek vare på dine påbod av heile mitt hjarte.

70 Deira hjarte er sløvt av feitt,men eg frydar meg over di lov.

71 Det var godt for meg å bli audmjukaså eg kunne læra dine forskrifter.

72 Lova frå din munn er betre for megenn mengder av gull og sølv.Jod י

73 Dine hender har skapt meg og halde meg oppe.Gjev meg skjøn så eg lærer dine bod!

74 Dei som fryktar deg, skal sjå meg og bli glade,for eg ventar på ditt ord.

75 Herre, eg veit at lovene dine er rette,at du var trufast då du audmjuka meg.

76 Lat di miskunn vera mi trøystslik du har sagt til din tenar!

77 Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva,for eg frydar meg over di lov.

78 Lat dei frekke bli til skamme,dei som krenkjer meg med løgn.Eg grundar på dine påbod.

79 Lat dei som fryktar deg, koma tilbake,lat dei som kjenner dine lovbod, koma til meg.

80 Lat meg følgja dine forskrifter med heilt hjarteså eg ikkje blir til skamme.Kaf כ

81 Eg tærest bort av lengsel etter di frelse,eg ventar på ditt ord.

82 Auga sloknar, eg ventar på dine ord,eg spør: «Når vil du trøysta meg?»

83 Eg har vorte som ein skinnsekk i røyk,likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter.

84 Kor mange dagar har din tenar att?Når vil du fella dom over dei som jagar meg?

85 Dei frekke grev fallgraver for megi strid med di lov.

86 Pålitelege er alle dine bod.Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.

87 Dei har mest gjort ende på meg her på jorda,men eg forlèt ikkje dine påbod.

88 Gjev meg liv i di miskunn,så vil eg halda lovbodet frå din munn.Lamed ל

89 I all æve, Herre,står ditt ord fast i himmelen.

90 Din truskap varer frå slekt til slekt,du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.

91 Etter dine lover står dei til denne dag,for alle ting må tena deg.

92 Om eg ikkje frydar meg over di lov,går eg til grunne i mi naud.

93 Eg gløymer aldri dine påbod,ved dei gjev du meg liv.

94 Frels meg, for eg er din!Eg spør etter dine påbod.

95 Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg,eg tenkjer på dine lovbod.

96 Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense,men ditt bod når uendeleg vidt.Mem מ

97 Kor eg elskar di lov!Eg grundar på henne heile dagen.

98 Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar.Det er alltid hos meg.

99 Eg skjønar meir enn alle mine lærarar,for eg grundar på dine lovbod.

100 Eg har meir innsikt enn dei gamle,for eg tek vare på dine påbod.

101 Eg held føtene borte frå vonde vegarså eg kan akta på ditt ord.

102 Eg vik ikkje frå dine lover,for du rettleier meg.

103 Kor søte dine ord er for ganen,betre enn honning i munnen.

104 Eg får innsikt av dine påbod,difor hatar eg falske vegar.Nun נ

105 Ditt ord er ei lykt for min fotog eit lys for min stig.

106 Eg har svore, og det står eg ved,at eg vil halda dine rettferdige lover.

107 Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt!

108 Herre, ta imot gåva frå min munnog lær meg dine lover!

109 Eg går alltid med livet i hendene,men gløymer ikkje di lov.

110 Dei lovlause sette ei snare for meg,men eg villar meg ikkje bort frå dine påbod.

111 Dine lovbod er min eigedom for alltid,dei gleder mitt hjarte.

112 Eg bøyer hjartet mot dine forskrifterfor alltid, til evig tid.Samek ס

113 Eg hatar dei som har eit delt hjarte,men eg elskar di lov.

114 Du er mitt vern og mitt skjold,eg ventar på ditt ord.

115 Vik frå meg, valdsmenn!Eg vil ta vare på boda frå min Gud.

116 Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva.Lat ikkje mi von bli til skamme!

117 Støtt meg så eg blir bergaog alltid har dine forskrifter for auge.

118 Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du,for dei fer med svik og løgn.

119 Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg,difor elskar eg dine lovbod.

120 Kroppen skjelv av redsle for deg,eg fryktar dine lover.Ajin ע

121 Eg har gjort det som er rett og rettferdig.Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!

122 Gå god for din tenar så det går han vel.Lat ikkje dei frekke undertrykkja meg!

123 Auga sloknar, eg ventar på di frelseog på ditt rettferdige ord.

124 Vis miskunn mot din tenar,lær meg dine forskrifter!

125 Eg er din tenar, gjev meg skjønså eg kan kjenna dine lovbod!

126 Det er tid for å gripa inn, Herre,for dei har brote di lov.

127 Difor elskar eg dine bodmeir enn gull, ja, skinande gull.

128 Difor retter eg meg etter alle dine påbod,eg hatar alle falske vegar.Pe פ

129 Underfulle er dine lovbod,difor tek eg vare på dei.

130 Dine ord gjev lys når dei opnar seg,dei gjev uvitande skjøn.

131 Med lengsel opnar eg munnen,for eg stundar etter dine bod.

132 Vend deg til meg og ver meg nådig!Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.

133 Gjer mine steg faste slik du har sagt,lat ingen urett få makt over meg!

134 Fri meg frå dei som bruker vald,så vil eg halda dine påbod!

135 Lat ditt andlet lysa over din tenar,lær meg dine forskrifter!

136 Tårene strøymer frå auga minepå grunn av dei som ikkje held di lov.Tsade צ

137 Du er rettferdig, Herre,dine lover er rette.

138 Du gjev dine lovbod i rettferdog i din store truskap.

139 Min brennande iver gjer ende på meg,for motstandarane mine har gløymt dine ord.

140 Ditt ord er prøvd med eld,tenaren din elskar det.

141 Eg er ung og forakta,men eg gløymer ikkje dine påbod.

142 Di rettferd er alltid rett,di lov er sanning.

143 Naud og trengsle har kome over meg,men eg frydar meg over dine bod.

144 Dine lovbod er alltid rette.Gjev meg skjøn så eg kan leva!Qof ק

145 Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, Herre!Dine forskrifter vil eg ta vare på.

146 Eg ropar til deg, frels megså eg kan halda dine lovbod!

147 Før morgonen renn, ropar eg.Eg ventar på ditt ord.

148 Med auga opne går eg inn i kvar nattevaktfor å grunda på ditt ord.

149 Høyr meg i di miskunn, Herre,gjev meg liv etter dine lover!

150 Dei som skamlaust jagar meg, er nær,dei er langt borte frå di lov.

151 Herre, du er nær,alle dine bod er sanning.

152 Av dine lovbod har eg lenge skjønaat du har grunnlagt dei for evig.Resj ר

153 Sjå mi naud og fri meg ut!For eg har ikkje gløymt di lov.

154 Før mi sak og kjøp meg fri,gjev meg liv etter ditt ord!

155 For dei lovlause er hjelpa langt borte,dei spør ikkje etter dine forskrifter.

156 Herre, di miskunn er stor,gjev meg liv etter dine lover!

157 Det er mange som jagar meg og står meg imot,men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod.

158 Eg ser dei trulause og kjenner avsky,dei tek ikkje vare på ditt ord.

159 Sjå, eg elskar dine påbod! Herre, gjev meg liv i di miskunn!

160 Summen av ditt ord er sanning,dine rettferdige lover varer evig.Sjin ש

161 Stormenn jagar meg utan grunn,men i hjartet fryktar eg ditt ord.

162 Eg gleder meg over ditt ordlik ein som vinn stort krigsbytte.

163 Eg hatar og avskyr løgn,men eg elskar di lov.

164 Sju gonger om dagen lovsyng eg degfor dine rettferdige lover.

165 Stor fred har dei som elskar di lov,ingen ting får dei til å snubla.

166 Herre, eg ventar på di frelse,eg følgjer dine bod.

167 Eg tek vare på dine lovbod,og eg elskar dei høgt.

168 Eg har halde dine bod og påbod,du kjenner alle mine vegar.Taw ת

169 Herre, lat ropet mitt nå fram til deg,gjev meg skjøn etter ditt ord!

170 Lat mi bøn koma fram for deg,berg meg, som du har sagt!

171 Lat leppene strøyma over av lovsong,for du lærer meg dine forskrifter.

172 Lat tunga syngja ut ditt ord,for alle dine bod er rettferdige.

173 Lat di hand koma meg til hjelp,for eg har valt dine påbod.

174 Herre, eg lengtar etter di frelse,eg frydar meg over di lov.

175 Lat meg leva og lovsyngja deg,lat dine lover vera mi hjelp!

176 Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau.Leit etter meg, din tenar,eg har ikkje gløymt dine bod.