Salmane 25 N11NN

1 Av David.Alef א Herre, eg lyfter mi sjel til deg.Bet ב

2 Min Gud, til deg set eg mi lit.Lat meg ikkje bli til skamme,lat ikkje fienden fryda seg over meg!Gimel ג

3 For ingen som set si von til deg, skal bli til skamme,til skamme blir dei trulause, med sine tomme hender.Dalet ד

4 Herre, lat meg kjenna dine vegar.Lær meg dine stigar!He ה

5 Lat meg få vandra i di sanning,lær meg, for du er Gud, min frelsar!Til deg set eg alltid mi von.Zajin ז

6 Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik,som er frå evig tid.Het ח

7 Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder!Kom meg i hug i di miskunn, Herre, for du er god.Tet ט

8 Herren er god og rettvis,difor viser han syndarar vegen.Jod י

9 Han lèt dei hjelpelause ferdast rettog lærer dei sin veg.Kaf כ

10 Alle Herrens stigar er miskunn og truskapmot dei som held hans pakt og hans bod.Lamed ל

11 For ditt namn skuld, Herre,tilgjev mi synd, for ho er stor!Mem מ

12 Kvar den som fryktar Herren,lærer av han den veg han skal velja.Nun נ

13 Sjølv skal han leva i lukke,og ætta hans skal arva landet.Samek ס

14 Herren talar fortruleg med dei som fryktar han,han gjer dei kjende med si pakt.Ajin ע

15 Mine auge er alltid vende mot Herren,for han dreg mine føter ut or garnet.Pe פ

16 Vend deg til meg og ver meg nådig,for eg er einsam og hjelpelaus.Tsade צ

17 Ta bort det som tyngjer mitt hjarte,før meg ut av mine trengsler!

18 Sjå mi naud og mitt strevog tilgjev all mi synd!Resj ר

19 Sjå mine fiendar, kor mange dei er!Dei hatar meg med eit nådelaust hat.Sjin ש

20 Vern mitt liv og berg meg,lat meg ikkje bli til skamme,for eg søkjer tilflukt hos deg.Taw ת

21 Lat uskuld og rettsinn verna meg,for eg set mi von til deg!

22 Gud, fri Israel utfrå alle deira trengsler!