1 Ein salme av Asaf.Gud, folka har trengt seg inn på din eigedom.Dei har gjort ditt heilage tempel ureintog lagt Jerusalem i røys.
2 Lika av tenarane dine har dei gjevetil føde for himmelens fuglarog kjøtet av dine trugnetil villdyra på jorda.
3 Dei har aust ut blodet deira som vatnomkring Jerusalem,og det er ingen som gravlegg dei.
4 Vi har vorte til hån for grannane,til spott for dei som bur omkring oss.
5 Kor lenge, Herre?Vil du vera harm for alltid?Kor lenge skal din lidenskap brenna som eld?
6 Aus vreiden utover folkeslag som ikkje kjenner deg,over kongerike som ikkje kallar på ditt namn.
7 For dei har slukt Jakobog lagt hans bustad i øyde.
8 Tilrekna oss ikkje gamle synder!Skund deg, lat di medkjensle møta oss!For vi er langt nede.
9 Hjelp oss, Gud, vår frelsar,så namnet ditt blir æra!Fri oss ut og tilgjev våre synderfor ditt namn skuld.
10 Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»Lat våre auge sjå og folka kjennaat du hemnar blodet frå dine tenarar.
11 Lat sukket frå fangane nå deg;din arm er sterk,spar dei som skulle døy!
12 Herre, gjev grannane våre tilbake i fangetsju gonger den spotten dei rette mot deg.
13 Men vi er ditt folk, den flokken du gjeter.Vi vil lova deg til evig tid,lovprisa deg frå slekt til slekt.