1 Ein salme av David. Herre, kven kan halda til i ditt telt,kven får bu på ditt heilage fjell?
2 Den som gjer rett og er heil i si ferdog talar sanning frå hjartet.
3 Han svertar ingen med tunga,valdar ikkje nesten sin skadeog fører ikkje vanære over sin granne.
4 Han ser med forakt på den som er vraka.Han ærar dei som fryktar Herren.Han bryt ikkje eiden han har svore,sjølv om det blir til det vonde for han sjølv.
5 Han tek ikkje renter når han låner ut pengar.Han lèt seg ikkje kjøpa til skade for ein skuldfri.Den som lever slik, skal aldri vakla.