1 Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein salme av David.
2 Frels meg, Herre! Dei trugne er borte.Det finst ikkje trufaste menneske meir.
3 Alle talar løgn med sin neste,dei snakkar med glatte lepper og delt hjarte.
4 Herren skal rydda ut alle glatte lepper,kvar tunge som talar store ord,
5 dei som seier: «I tunga ligg vår makt,vi har leppene med oss.Kven er herre over oss?»
6 «Dei hjelpelause blir undertrykte,og dei fattige stønnar,difor vil eg reisa meg», seier Herren.«Eg vil berga den som blir forakta.»
7 Herrens ord er reine ord,sølv lutra i smelteomnen,sju gonger reinsa.
8 Du, Herre, vil vara dei,verna dei mot denne slekt for alltid
9 når lovlause er på ferde overaltog det usle får makta mellom folk.