1 Ein salme av David. Herre, eg ropar til deg. Skund deg til meg!Lytt når eg ropar!
2 Lat mi bøn vera røykjelse for deg,mine opplyfte hender eit kveldsoffer.
3 Herre, set vakt for min munn,vern mine leppers dør!
4 Bøy ikkje mitt hjarte mot det vonde,mot lovlaus gjerning saman med dei som gjer urett!Den utsøkte maten deira vil eg ikkje smaka.
5 Lat ein rettferdig slå meg, det er kjærleik.Lat han refsa meg, det er olje på mitt hovud,slikt avviser eg ikkje.Men mi bøn står stadig mot deira vondskap.
6 Dommarane deira skal støytast nedover berget,dei skal høyra at orda mine var gode.
7 Knoklane våre ligg strødde ved gapet til dødsriketsom når ein pløyer og velter opp jord.
8 Gud Herre, auga mine er vende mot deg,eg søkjer tilflukt hos deg.Riv ikkje vekk livet mitt!
9 Vern meg frå snara dei set for meg,for fellene til dei som gjer urett!
10 Lat dei urettferdige falla i eige garnmedan eg går rett forbi.