Salmane 145 N11NN

1 Ein lovsong av David.Alef אEg vil opphøgja deg, min Gud og konge,og velsigna namnet ditt til evig tid.Bet ב

2 Eg vil velsigna deg kvar dagog lovsyngja namnet ditt til evig tid.Gimel ג

3 Stor er Herren og verdig lov og pris,stordomen hans kan ingen granska.Dalet ד

4 Slekt etter slekt prisar dine gjerningarog fortel om dine storverk.He ה

5 Eg grundar på din høge herlegdom og di æreog på dine underfulle ord.Waw ו

6 Dei talar om dine sterke og skremmande gjerningar,eg fortel om dine storverk.Zajin ז

7 Dei lèt gjetordet gå om alt det gode du gjer,og jublar over di rettferd.Het ח

8 Herren er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn.Tet ט

9 Herren er god mot alle,mild mot alt han har skapt.Jod י

10 Alle dine skapningar prisar deg, Herre,dine trugne velsignar deg.Kaf כ

11 Dei fortel om di herlege kongsmaktog talar om ditt velde.Lamed ל

12 Dei lèt menneske læra å kjenna ditt velde,di strålande kongsmakt.Mem מ

13 Du er konge gjennom alle tider,du herskar frå slekt til slekt.Nun נ{{Herren er påliteleg i alt han seier,trufast i alt han gjer.}}Samek ס

14 Herren støttar alle som fell,og reiser alle nedbøygde opp.Ajin ע

15 Alle auge ventar på deg,og du gjev dei mat i rett tid.Pe פ

16 Du opnar di handog mettar alt levande med det gode.Tsade צ

17 Herren er rettferdig på alle sine vegar,trufast i alt han gjer.Qof ק

18 Herren er nær alle som kallar på han,alle som kallar på han i sanning.Resj ר

19 Til dei som fryktar han, gjev han det dei ønskjer,han høyrer deira rop og frelser dei.Sjin ש

20 Herren vaktar alle som elskar han,men utryddar alle lovlause.Taw ת

21 Min munn skal lovprisa Herren,alt som lever, skal velsigna hans heilage namn til evig tid.