1 Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme. Av David.
2 Dårane seier i hjartet: «Det finst ingen Gud.»Vond og avskyeleg er deira urett,det finst ingen som gjer det gode.
3 Frå himmelen ser Gud ned til menneskafor å sjå om det finst nokon som er vis,nokon som søkjer Gud.
4 Alle har trekt seg unna,alle som ein er forderva.Det finst ingen som gjer det gode,ikkje ein einaste.
5 Skjønar dei då ingen ting,dei som gjer urett?Dei et opp folket mitt som om dei et brød,og kallar ikkje på Gud.
6 Då skal dei råkast av redsle,dei som aldri var redde.For Gud skal strø ut beinaav dei som slår leir mot deg.Dei blir til skamme,for Gud har vraka dei.
7 Måtte frelse koma til Israel frå Sion!Når Gud vender lagnaden for sitt folk,skal Jakob jubla og Israel gleda seg.