Salmane 34 N11NN

1 Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg.Alef א

2 Eg vil velsigna Herren til alle tider,alltid lovsyngja han med min munn.Bet ב

3 Eg er stolt over Herren,lat dei hjelpelause høyra det og vera glade.Gimel ג

4 Pris Herren saman med meg,lat oss æra hans namn!Dalet ד

5 Eg søkte Herren, og han svara meg,frå alt som skremde, berga han meg.He ה

6 Vend blikket mot han og strål av glede,så skal de aldri raudna av skam!Zajin ז

7 Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde,han frelste han frå alle trengsler.Het ח

8 Herrens engel slår leirrundt dei som ottast han.Han friar dei ut.Tet ט

9 Smak og sjå at Herren er god!Sæl er den som søkjer tilflukt hos han.Jod י

10 Frykt Herren, de hans heilage!Dei som ottast han, lid inga naud.Kaf כ

11 Unge løver lid naud og svelt;men dei som søkjer Herren,manglar aldri det som godt er.Lamed ל

12 Kom hit, born, høyr på meg!Eg vil læra dykk frykt for Herren.Mem מ

13 Er du ein som har glede av livet,som elskar å sjå gode dagar?Nun נ

14 Hald då tunga borte frå det som er vondt,og leppene borte frå svikefull tale.Samek ס

15 Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode.Søk fred og jag etter han!Ajin ע

16 Herrens auge følgjer dei rettferdige,hans øyre høyrer deira rop.Pe פ

17 Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde,han skal utrydda minnet om dei frå jorda.Tsade צ

18 Dei rettferdige ropar, og Herren høyrer,han bergar dei ut or alle trengsler.Qof ק

19 Herren er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte,han frelser dei som har ei knust ånd.Resj ר

20 Mange ulukker rammar den rettferdige,men Herren friar han ut av dei alle.Sjin ש

21 Han tek vare på kvart bein i hans kropp,ikkje eitt av dei skal brytast.Taw ת

22 Ulukke drep den lovlause,dei som hatar den rettferdige, blir straffa.

23 Men Herren bergar livet til sine tenarar,ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa.