1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David,
2 då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hos oss.»
3 Gud, frels meg ved ditt namn,skaff meg rett ved di kraft!
4 Gud, høyr mi bøn,vend øyret til mine ord!
5 Framande har reist seg mot meg,valdsmenn står meg etter livet.Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela
6 Men Gud er den som hjelper meg,Herren held meg i live.
7 Vend det vonde mot mine fiendar.Gjer ende på dei i din truskap!
8 Villig skal eg ofra til degog prisa namnet ditt, Herre,for det er godt.
9 Herren har fria meg ut av all naud,så eg kan sjå ned på mine fiendar.