1 Av David. Ein læresalme.Sæl er den som får sine brot tilgjevneog sine synder tildekte!
2 Sælt er det mennesketsom Herren ikkje tilreknar skuld,som i si ånd er utan svik.
3 Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bortmedan eg stønna heile dagen.
4 For dag og nattlåg di hand tungt på meg.Mi livssaft svannsom i heten om sommaren. Sela
5 Då sanna eg mi synd for deg,og mi skuld dekte eg ikkje over.Eg sa: «Eg vil sannamine brot for Herren.»Og du tok bort mi syndeskuld. Sela
6 Difor skal alle trugnebe til deg i tider med trengsle.Om det kjem ein veldig flaum,skal vatnet ikkje nå dei.
7 Du skjermar meg,du vernar meg mot naud,med frelsejubel omgjev du meg. Sela
8 Eg vil gjera deg vis og læra degden vegen du skal gå,eg vil la mitt auge kvila på degog gje deg råd.
9 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,elles kjem dei ikkje til deg.
10 Den urettferdige har mange plager,men den som set si lit til Herren,kransar han med miskunn.
11 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige!Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!