1 Ein song til festreisene. Av David.Hadde ikkje Herren vore med oss,skal Israel seia,
2 hadde ikkje Herren vore meddå menneske reiste seg mot oss,
3 så hadde dei slukt oss levandedå vreiden deira flamma opp,
4 så hadde vatnet skylt over oss,flaumen hadde strøymt over oss,
5 så hadde det veldige vatnetstrøymt over oss.
6 Velsigna er Herrensom ikkje gav oss til rov for deira tenner!
7 Vi slapp fri som fuglen frå jegerens snare.Snara rauk, og vi slapp fri.
8 Vår hjelp er i Herrens namn,han som skapte himmel og jord.