1 Ein song til festreisene.Til deg lyfter eg mine auge,du som tronar i himmelen.
2 Som auga til tenarar følgjer handa til herrane,som auga til tenestekvinna følgjer handa til husfrua,slik følgjer auga våre Herren vår Gudheilt til han viser oss nåde.
3 Ver nådig mot oss, Herre, ver nådig!For vi er meir enn mette av forakt,
4 meir enn mette av hån frå dei sjølvsikreog forakt frå dei hovmodige.