1 Av David.Til deg, Herre, ropar eg.Mitt berg, tei ikkje, vend deg ikkje frå meg!Svarar du meg ikkje,blir eg lik dei som har gått i grav.
2 Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp,når eg lyfter hendene minemot Det høgheilage i ditt tempel.
3 Riv meg ikkje bort med dei skuldige,med dei som gjer urett.Dei talar venleg med sin neste,men har vondskap i hjartet.
4 Gjev dei att for det dei har gjort,for deira vonde handlingar!Gjev dei att for det hendene deira har gjort!Lat dei få det dei fortener!
5 For dei kjenner ikkje Herrens gjerningar,det han gjer med sine hender.Han skal riva dei nedog ikkje byggja dei opp att!
6 Velsigna er Herren,for han høyrer mi bøn!
7 Herren er mitt vern og mitt skjold,mitt hjarte sette si lit til han, og eg fekk hjelp.Hjartet jubla, med song vil eg prisa han.
8 Herren er eit vern for sitt folk,ei tilflukt som bergar den han har salva.
9 Frels ditt folk og velsigna din eigedom!Ver du deira hyrdingog ber dei alltid!