Salmane 40 N11NN

1 Til korleiaren. Ein salme av David.

2 Eg venta og vona på Herren.Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.

3 Han drog meg opp or den tynande grav,opp av den djupe gjørma.Han sette mine føter på fjellog gjorde mine steg faste.

4 Han la ein ny song i min munn,ein lovsong til vår Gud.Mange skal sjå det og ottastog setja si lit til Herren.

5 Sæl er densom set si lit til Herren,som ikkje vender seg til dei stolte,til dei som fell frå i løgn.

6 Store ting har du gjort for oss, Herre, min Gud,underfulle verk og planar,ingen er din like.Vil eg fortelja og tala om dei,er dei for mange til å reknast.

7 Du har ikkje glede i offer og gåver– du har opna mine øyre –brennoffer og syndoffer krev du ikkje.

8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.I bokrullen er det skrive om meg.

9 Min Gud, å gjera din vilje gjev meg glede,di lov er djupt i mitt indre.»

10 Eg forkynte rettferdi den store forsamlinga.Eg heldt ikkje att mi tunge, Herre, du veit det.

11 Di rettferd heldt eg ikkje skjult i hjartet,eg tala om din truskap og di frelse.Eg løynde ikkje di miskunn og di sanningi den store forsamlinga.

12 Herre, du vil ikkjehalda di miskunn tilbake.Din truskap og di sanningskal alltid verna meg.

13 For tallause ulukker omgjev meg,mine synder har nådd meg att,eg kan ikkje sjå.Dei er fleire enn håra på hovudet,motet har svikta meg.

14 Vis godvilje, Herre, og fri meg ut! Herre, skund deg og hjelp meg!

15 Lat alle som står meg etter livet,bli til skamme og til spott!Lat dei som vil meg vondt,dra seg tilbake utan ære!

16 Dei som ler og håner meg,skal bli slegne av skam.

17 Lat alle som søkjer deg,fryda og gleda seg i deg!Lat dei som elskar di frelse,alltid seia: «Stor er Herren!»

18 Men eg er hjelpelaus og fattig. Herren skal tenkja på meg.Du er mi hjelp, du bergar meg.Dryg ikkje lenger, min Gud!