1 Ein salme av David.Gudesøner, gjev Herren ære!Gjev Herren ære og makt.
2 Gjev Herren den ære hans namn skal ha,bøy dykk for Herren i heilag prakt!
3 Herrens røyst lyder over vatnet,den herlege Gud lèt tora slå, Herren, over veldige vatn.
4 Herrens røyst lyder med velde, Herrens røyst lyder med herlegdom.
5 Herrens røyst knekkjer sedrar, Herren splintrar sedrane på Libanon.
6 Han får Libanon-fjellet og Sirjon-fjellet til å hoppasom kalvar og som ville oksar.
7 Herrens røyst spreier logande eld.
8 Herrens røyst får ørkenen til å skjelva, Herren får Kadesj-ørkenen til å skjelva.
9 Herrens røyst får hindene til å kalva,ho gjer skogane snaue.Alt i hans tempel ropar: «Ære!»
10 Herren tronar over himmelhavet, Herren skal trona som konge for alltid.
11 Herren gjev folket sitt kraft, Herren velsignar folket sitt med fred.