1 Til korleiaren. Med strengespel. Av David.
2 Høyr mitt rop, Gud,lytt til mi bøn!
3 Frå enden av jorda ropar eg til degmedan hjartet veiknar.Før meg opp på eit berg som er høgare enn eg.
4 For du har vore mi tilflukt,eit tårn til vern mot fienden.
5 Lat meg alltid få bu i ditt telt,søkja tilflukt i ly av dine venger! Sela
6 For du, Gud, har høyrt mine lovnaderog gjeve dei som fryktar ditt namn, deira arv.
7 Legg fleire dagar til kongens dagar,så hans år må vara i slekt etter slekt.
8 Lat han trona evig for Gud,lat miskunn og truskap verna han!
9 Så skal eg alltid lovsyngja ditt namnog dagleg oppfylla mine lovnader.