1 Halleluja!Alef אSæl er den som fryktar Herren Bet בog har glede i hans bod. Gimel ג
2 Hans ætt blir mektig i landet, Dalet דden rettskafne slekta blir velsigna. He ה
3 Det er velstand og rikdom i hans hus, Waw וhans rettferd skal alltid vara. Zajin ז
4 Lys bryt fram i mørkret for dei rettvise, Het חfor den som er nådig, mild og rettferdig. Tet ט
5 Det går vel med den som villig gjev lån, Jod יden som steller sine saker rett. Kaf כ
6 Han skal aldri i æve vakla, Lamed לden rettferdige blir alltid hugsa. Mem מ
7 Han er ikkje redd for vonde rykte, Nun נhans hjarte er roleg og trygt i Herren. Samek ס
8 Hans hjarte er grunnfest, utan frykt. Ajin עTil slutt får han sjå at fienden fell. Pe פ
9 Han strør ut, han gjev til dei fattige, Tsade צhans rettferd skal alltid vara, Qof קstor og herleg blir hans makt. Resj ר
10 Den urettferdige ser det og blir sint, Sjin שskjer tenner og veiknar bort. Taw תDet dei urettferdige trår etter, blir til inkjes.