1 Av David. Ein salme.Eg vil syngja om miskunn og rett, Herre, for deg vil eg syngja og spela.
2 Eg vil læra meg den fullkomne vegen.Når vil du koma til meg?Med heilt hjarte vil eg vandra i mitt hus.
3 Vondskap vil eg ikkje ha for auge, urett hatar eg,slikt held eg meg borte frå.
4 Svikefullt hjarte skal vika frå meg.Eg vil ikkje vita av det vonde.
5 Den som baktalar sin neste, vil eg gjera ende på.Stolte auge og eit hovmodig hjarte kan eg ikkje tola.
6 Auga mine ser til dei trufaste i landet, dei får bu hos meg.Den som går den fullkomne vegen, skal tena meg.
7 Den som fer med svik, får ikkje bu i mitt hus.Den som talar løgn, kan ikkje bli ståande for mine auge.