1 Ei bøn for den hjelpelause når han veiknar og vil ausa ut si klage for Herren.
2 Herre, høyr mi bøn,lat mitt rop nå fram til deg!
3 Løyn ikkje andletet når eg er i naud.Vend øyret til meg,skund deg, svar når eg ropar!
4 For dagane mine kverv som røyk,knoklane brenn som eld.
5 Hjartet er som gras, solsvidd og visna,eg har gløymt å eta mitt brød.
6 Eg sukkar og stønnar,eg er berre skinn og bein.
7 Eg liknar pelikanen i ørkenen,eg er som ei ugle blant ruinar.