13 Men du, Herre, tronar til evig tid,namnet ditt varer frå slekt til slekt.
14 Du vil reisa deg og vera mild mot Sion,det er tid for å visa henne nåde,timen er komen.
15 Tenarane dine elskar steinane i Sion,dei lid med henne som ligg i grus.
16 Folkeslag skal frykta Herrens namn,alle kongane på jorda din herlegdom.
17 For Herren vil byggja opp att Sionog syna seg i sin herlegdom.
18 Han lyttar når den nakne bed,han foraktar ikkje deira bøn.
19 Dette skal skrivast ned for den komande slekt,eit nyskapt folk skal prisa Herren.