21 for å høyra sukket frå fangane,løysa dei som var dømde til døden.
22 Herrens namn skal forkynnast i Sion,hans lov og pris i Jerusalem
23 når folk og kongerike samlar segfor å tena Herren.
24 Han har brote ned min styrke på vegenog forkorta livet mitt.
25 Eg seier: Min Gud, ta meg ikkje bort midt i livet!Dine år varer i slekt etter slekt.
26 Du grunnla jorda i gammal tid,himmelen er eit verk av dine hender.
27 Dei skal gå til grunne, men du blir verande.Dei blir slitne ut som klede,du skifter dei ut, og dei er borte.