5 Hjartet er som gras, solsvidd og visna,eg har gløymt å eta mitt brød.
6 Eg sukkar og stønnar,eg er berre skinn og bein.
7 Eg liknar pelikanen i ørkenen,eg er som ei ugle blant ruinar.
8 Eg ligg vaken,eg er som ein einsleg fugl på taket.
9 Fienden spottar meg heile dagen.Dei som gjer narr av meg,bruker namnet mitt til forbanning.
10 Eg et oske som brødog blandar drikken min med tårer,
11 for du er harm og vreid på meg.Du tok meg og kasta meg bort.