10 Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder,han løner oss ikkje etter vår skuld.
11 Så høg som himmelen er over jorda,så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.
12 Så langt som aust er frå vest,tek han syndene våre bort frå oss.
13 Som ein far er mild med sine born,er Herren mild med dei som fryktar han.
14 For han veit korleis vi er skapte,han kjem i hug at vi er støv.
15 Dagane mennesket får, er som gras,det blømer som blomen på marka.
16 Når vinden fer over han, er han borte,staden han stod på, veit ikkje lenger av han.