12 Så langt som aust er frå vest,tek han syndene våre bort frå oss.
13 Som ein far er mild med sine born,er Herren mild med dei som fryktar han.
14 For han veit korleis vi er skapte,han kjem i hug at vi er støv.
15 Dagane mennesket får, er som gras,det blømer som blomen på marka.
16 Når vinden fer over han, er han borte,staden han stod på, veit ikkje lenger av han.
17 Men Herrens miskunn er frå æve til æveover dei som fryktar han.Hans rettferd når til barneborn,
18 til dei som held hans paktog kjem i hug hans bod,så dei følgjer dei.