16 Når vinden fer over han, er han borte,staden han stod på, veit ikkje lenger av han.
17 Men Herrens miskunn er frå æve til æveover dei som fryktar han.Hans rettferd når til barneborn,
18 til dei som held hans paktog kjem i hug hans bod,så dei følgjer dei.
19 Herren har reist si trone i himmelen,han rår som konge over alt.
20 Velsign Herren, de hans englar,de sterke heltar som lydige set hans ord i verk.
21 Velsign Herren, alle hans hærar,de tenarar som set hans vilje i verk.
22 Velsign Herren, alle hans skapningar,overalt der han rår.Velsign Herren, mi sjel!