2 Velsign Herren, mi sjel!Gløym ikkje alt det gode han gjer.
3 Han tilgjev all di skuldog lækjer alle dine sjukdomar.
4 Han friar ditt liv frå gravaog kronar deg med miskunn og kjærleik.
5 Han mettar ditt liv med det gode,du blir ung att som ørna.
6 Herren skaper rettferd,han lèt alle undertrykte få sin rett.
7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,sine gjerningar for Israels folk.
8 Mild og nådig er Herren,sein til vreide og rik på miskunn.