7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,sine gjerningar for Israels folk.
8 Mild og nådig er Herren,sein til vreide og rik på miskunn.
9 Han kjem ikkje med klagemål for alltidog er ikkje for evig harm.
10 Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder,han løner oss ikkje etter vår skuld.
11 Så høg som himmelen er over jorda,så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.
12 Så langt som aust er frå vest,tek han syndene våre bort frå oss.
13 Som ein far er mild med sine born,er Herren mild med dei som fryktar han.