13 Han vatnar fjella frå sin høge sal.Jorda blir metta med frukta av di gjerning.
14 Du lèt graset spira fram for feetog vokstrar til nytte for mennesket.Du lèt brødet koma frå jorda,
15 vinen gjev mennesket glede.Du lèt andletet skina av olje,brødet gjev mennesket styrke.
16 Herrens tre får sløkkja tørsten,sedrane på Libanon, som han har planta.
17 Der byggjer fuglane reir,i sypressen har storken sitt hus.
18 Dei høge fjella har steinbukken fått,berga gjev grevlingen livd.
19 Han skapte månen til å syna tidene,og sola, som veit når ho skal gå ned.