23 Då går mennesket ut til si gjerningog arbeider til kvelden kjem.
24 Herre, kor mange dine gjerningar er!Og alle har du gjort med visdom,jorda er full av det du ber fram.
25 Her er havet, stort og vidt,med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.
26 Der stemner skipa fram,der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.
27 Alle ventar på deg,at du skal gje dei mat i rett tid.
28 Du gjev, og dei sankar,du opnar handa, og dei blir metta med det gode.
29 Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle,du tek livsanden frå dei, då døyr deiog blir til støv att.