9 Du sette ei grense det ikkje går over,det skal aldri meir dekkja jorda.
10 Du lèt kjelder strøyma fram i dalaneså bekker renn mellom fjella.
11 Dei gjev drikke til alle dyr på marka,ville esel får sløkkja tørsten.
12 Der finn fuglane under himmelen bustad,dei syng mellom greinene.
13 Han vatnar fjella frå sin høge sal.Jorda blir metta med frukta av di gjerning.
14 Du lèt graset spira fram for feetog vokstrar til nytte for mennesket.Du lèt brødet koma frå jorda,
15 vinen gjev mennesket glede.Du lèt andletet skina av olje,brødet gjev mennesket styrke.