3 dei som han samla frå landa,frå aust og vest, frå nord og frå havet.
4 Somme fór vill i ørken og øydemark,dei fann ikkje vegen til ein by der dei kunne bu.
5 Dei var svoltne og tørste,kreftene vart borte.
6 Då ropa dei til Herren i si naud,og han fria dei ut av trengslene.
7 Han førte dei på rett vegså dei kom til ein by der dei kunne bu.
8 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,for hans undergjerningar mot mennesket.
9 Han lét den tørste drikka,han metta den svoltne med gode gåver.