31 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,for hans undergjerningar mot mennesket.
32 Dei skal opphøgja han når folket samlast,prisa han der dei eldste sit.
33 Han gjorde elvar til ørken,vassrike kjelder til tørstande land
34 og grøderik jord til salt,for dei som budde der, var vonde.
35 Han gjorde ørken til innsjø,tørt land til vassrike kjelder.
36 Der lét han dei svoltne slå seg ned,dei grunnla ein by der dei kunne bu.
37 Dei sådde åkrane til og planta vinmarkersom bar fram grøde dei kunne hausta.