5 Dei var svoltne og tørste,kreftene vart borte.
6 Då ropa dei til Herren i si naud,og han fria dei ut av trengslene.
7 Han førte dei på rett vegså dei kom til ein by der dei kunne bu.
8 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,for hans undergjerningar mot mennesket.
9 Han lét den tørste drikka,han metta den svoltne med gode gåver.
10 Somme sat i mørker og dødsskugge,bundne i naud og jern,
11 for dei hadde trassa Guds ordog forakta råd frå Den høgste.