7 Hjelp oss med di høgre hand,svar meg så dine kjære kan bli berga.
8 Gud har tala i sin heilagdom:Med jubel vil eg dela ut Sikem,Sukkot-dalen vil eg måla opp.
9 Mitt er Gilead, mitt er Manasse,Efraim er hjelmen på mitt hovud,Juda er min styrarstav.
10 Men Moab er mitt vaskefat,på Edom kastar eg sandalen.Eg triumferer over Filistarland.
11 Kven fører meg til festningsbyen,kven leier meg til Edom?
12 Du har jo støytt oss bort, Gud,du drog ikkje ut med våre hærar.
13 Støtt oss mot fienden!Hjelp frå menneske er ingenting verd.