25 Eg har vorte til spott,dei rister på hovudet når dei ser meg.
26 Hjelp meg, Herre, min Gud,frels meg i di miskunn
27 så dei forstår at det kjem frå di hand,at du har gjort dette, Herre!
28 Dei forbannar, men du velsignar.Dei reiser seg, men blir til skamme.Din tenar skal gleda seg.
29 Lat dei som klagar meg, kle seg i vanæreog sveipa seg i skam som i ei kappe!
30 Eg vil prisa Herren med høg røyst,midt blant dei mange vil eg lovsyngja han.
31 For han står ved den fattiges høgre sideog hjelper han mot dei som dømmer.