1 Ikkje oss, Herre, ikkje oss,gjev heller ditt namn ære,du som er kjærleg og trufast.
2 Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»
3 Vår Gud er i himmelen,alt han vil, det gjer han.
4 Gudebileta deira er av sølv og gull,menneskehender har laga dei.
5 Dei har munn, men kan ikkje tala,dei har auge, men kan ikkje sjå.
6 Dei har øyre, men kan ikkje høyra,dei har nase, men kan ikkje lukta.
7 Dei har hender, men kan ikkje føla,dei har føter, men kan ikkje gå,dei har ikkje lyd i strupen.