1 Eg elskar Herren,for han høyrde mitt rop om nåde.
2 Han vende øyret til meg,eg vil kalla på han alle mine dagar.
3 Dødens band snørte seg om meg,redsler frå dødsriket nådde meg,eg fann berre naud og sorg.
4 Då kalla eg på Herrens namn:«Å, Herre, berg livet mitt!»
5 Herren er nådig og rettferdig,vår Gud er mild.
6 Herren vaktar dei uvitande,han kom meg til hjelp då eg var langt nede.